mandag, mai 25, 2009

Hasunds Hund - Bjørn West 5-2 (2-1)


Referat fra Nordhordalnd.no 

Tre baklengs dei siste fem

Nytt tap for Bjørn West.

Publisert  25.05.2009 - 12:54 Oppdatert 25.05.2009 - 13:03
Kampfakta:
  • Hasunds Hund – Bjørn West 5-2
  • Mål: 0-1 Stian Rasdal, 1-1 Arild Ness, 2-1 Ness, 2-2 Rasdal, 3-2 Heine Nygaard Riise, 4-2 Ness, 5-2 Tommy Birkely

OMTALTE LAG OG SPILLERE

Bjørn West rota vekk minst eit poeng i lørdagens bortekamp mot Hasunds Hund på Nymark.

Stian Rasdal sendte gjestane i føringa før eitt minutt var gått, men heimelaget slo tilbake med to fine skåringar signert den svært solide spissen Arild Ness.

Bjørn West hadde spelet i store delar av første omgang, men nok ein gong brente laget store sjansar.

Etter kvilen var kampbildet mykje det same, og Hasunds Hund verka svært fornøgd med resultatet. Men sju minutt før slutt skåra Rasdal sitt andre for dagen, og laga var like langt.

No skulle Bjørn West fram å avgjera ein kamp dei hadde dominert spel- og sjansemessig, men i staden var det heimelaget som sette inn eit ekstra gir, og skåra tre mål på dei siste fem.

Ein merkeleg kamp på Nymark denne lørdagen, der Bjørn West møtte eit lag som forsvarte seg godt og gjorde ting enkelt. Det enkle er som kjent ofte det beste.

Referat fra hasundshund.blogspot.com 

hund-bjørn 5-2 (2-1) 
tilskodarar 28 
0-1 stian rasdal 3` 
1-1 arild ness 9 assist:andreas 
2-1 arild ness 42? assist andreas 
2-2 stian rasdal 80` 
3-2 Heine 83 assist arild 
4-2 arild 86 assist eirikW 
5-2 tommy 90 assist Einar og arild 
målsjansar 8-13? 
dagens lirare/hund: Arild 
Hund 4-4-2: 
eirikw-einar,andre`,ole,tommy-øyvindm,andreas,erlendE,vegard-OddArne,Arild 
inn: Thomas,Olve,Heine,Steinar,eiriks

Referat fra Bjørn West:

Ein trist dag med bikkjene

Av Administrator

Alt låg til rette for ein kjekk dag då vi gjesta Nymarksbana lørdag føremiddag. Men eit svært effektivt Hasunds Hund-lag og ein pipeblåsar med hestehale gjorde dagen heilsvart for Bjørn West.

6. divisjon, avdeling 1: Hasunds Hund - Bjørn West 5-2 (2-1)

Mål: 0-1 Stian Rasdal, 1-1, 2-1, 2-2 Rasdal, 3-2, 4-2, 5-2

Bjørn West: Jan Remy Sunde, Kjartan Vik (Eirik Rosnes$), Endre Hopland, Vidar Hjartholm, Øystein Trædal (Øystein Alver), Åsmund Kvinge (Oddvar Sætre), Eivind Reikerås, Ørjan Langhelle, Ørjan Andvik, Jonas Pedersen, Stian Rasdal

Det var ein trist Bjørn West-gjeng som etter 90 minutt måtte konstaterta eit smått utruleg tremålstap mot Hasunds Hund. At lag tapar 5-2 i 6. divisjon er i seg sjølv ikkje så oppsiktsvekkande, men at eit lag skårar fem mål på fire sjansar er utteljing noko over normalen på dette nivået.

Vi kom utruleg godt i gang, og Stian Mysil skåra på vårt aller første angrep. Eit langt framspel frå Øystein T vart slått inn framfor mål av Stian Mysil, som truleg sikta på mål. Det var også her ballen hamna, etter tvilsamt keeperspel.

Hasunds Hund slo tilbake ikkje lenge etter, og skåra 1-1 etter dårleg komunikasjon i dei bakre rekkjer hjå Bjørn West. 2-1 skulle også koma etter det som må kunne kallast eit godt angrep, om enn noko tilfeldig. Ballen vart sklitakla gjennom til ein god spiss som fekk ei enkel oppgåve åleine med keeper.

I første omgang hadde Bjørn West 30 gode minutt. Diverre var det dei første 15 og dei siste 15. Baklengsmåla var også av den noko billege sorten, men vi var ved nokså godt mot. Spelet var nemleg tidvis veldig bra, men effektiviteten glimra som vanleg med sitt fråver.

Det er ikkje kjekt å skulda på dommaren når ting går til Helvete, og referenten brukar vanlegvis ikkje å bry seg for mykje med slik. Men i den første omgangen på Nymark denne lørdagen er det ikkje til å koma utanom at mannen i svart (eller faktisk gult) prega kampbildet. Det vart blåst i hytt og gevær, og med jamne mellomrom minna pipeblåsaren, som for høvet var utleigd frå Captain Barbosa sitt mannskap, om at det hadde kome nye Fairplay-reglar og at desse var viktige å følgja.

Det høyrer med til historia at Hasunds Hund var ein svært sympatisk gjeng fotballsparkarar, og kampen gjekk veldig fint føre seg utan gule kort eller stygge situasjonar. Endre fekk seg ein på trynet i ein duell, men litt magisk bomull og vatn stoppa blodet, og det var aldri fare for varige mén.

Andre omgang byrja eigentleg slik den andre slutta. Vi trilla ball, og skapte mykje. Men vi skåra ikkje mål. Hasunds Hund slo langt med dei var karar om, men heller ikkje dei fann vegen til nettmaskene. Mål vart det ikkje før sju minutt før slutt. Eit kjapt innkast frå Ørjan A. hamna hjå Jonas. Han spelte Eivind gjennom på venstresida, og framfor kassen venta Stian Mysil. Eit perfekt innlegg og stillinga var 2-2.

Hasunds Hund verka slitne no, og vi trudde på tre poeng. Så var det duka for fem forferdelege minutt sett med Bjørn West-auger. Heimelaget skåra heilt ut av ingenting tre strake mål, og kapra alt som var av poeng. For tryggleiks skuld valde Captain Barbosa sin mann på Nymark ikkje å legga til noko, då begge lag hadde hatt omlag like mange byter. (Fin fyr han karen der; saltmat, søtmat, penger og gull til kvelds)

Nokre tankar etter ein trasig dag i Bergen:

* Vi føler vi ikkje får utteljing for spel og sjansar, men all ære til Hasunds Hund som er effektive og demmar godt opp. Takk for kampen og god sportsand frå hyggjelege karar.

* Ørjan L. gjer nok ein gong ein god kamp, men målvaksinen er framleis så kraftig at den nok ville gjort seg utslag på ein eventuell pisseprøve.

* Vidar sesongdebuterar som stoppar og gjer ein svært fin figur.

* Mysil er mestskårande i lokalfotballen, men framleis ikkje særleg effektiv.

* Ein fotballkamp varar framleis i 90 minutt. Hadde vi spelt 80 minutt lange kampar hadde vi leia serien.

* Vi takkar skaparen for at dagens kamp gjekk i dagslys. Alle veit jo kva som skjer med Captain Barbosa sitt mannskap i månelys!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjør deg opp!