tirsdag, april 24, 2007

Fri - Hasunds Hund 2-3

Serieåpning: Fri - Hasunds Hund



Så var det endelig dags for seriestart. Gamle resultat frå treningskampane var plutselig ubetydelige, nyerverva fotballvisdom skulle testast ut i praksis, det var no det verkeleg gjaldt. Motstandar i ilddåpen var klubben Fri, eit lag vel dei færraste av oss hadde høyrt om på forhånd. Raket advarte oss likevel mot å ta for lett på oppgåva. For Fri makta faktisk det kunststykket å cruise gjennom fjorårets 7 divisjon utan tap og med circa 100 scora mål.

Sjølv om laget vårt ikkje akkurat har alkoholforbud dagen før kamp, møtte flesteparten av oss opp rimeleg edruelege på Espeland Grus. Faktisk var vi på plass omtrendt ein time før avspark, noko som er uvant kost for Hunden. Plenty av tid til oppvarming altså.

Motstandarlaget tusla ut på stadion i sine frekke grøne drakter. Faktisk trur eg aldri Hasunds Hund har møtt eit lag drapert i grønt før, vi forkledde eit lattermildt Tufte-brøl med ein kjapp hosteserie før Ole satte oss i sving med normale kroppslige aktivitetar. På grunn av manglande oppmøte av sentrale midtbanespelarar til denne kampen måtte vi dessverre gå tilbake til den gørrkjedelige formasjonen 4-4-2. Men formasjonar er vel ikkje meir enn rein kosmetikk så med full innstats regna vi med det skulle gå greit uansett. Så feil går det ann å ta.


Når dommaren blåste rabalderet i gang var det ikkje akkurat så veldig mykje aggressivitet, sjølvtillit og ballkensle å spore. Dette gjaldt begge lag. I kjent 6 divisjonsstil gampa man ballen fram og tilbake frå den eine 16-meteren til den andre. Kanskje var det seriestartnervane som gjorde sitt utslag, kanskje er dette den riktige måten å "ta og føle på" det andre laget, særleg underhaldande var det nok likevel ikkje.

Det var Fri som kom seg fram til dei største sjansane. Keeper Eirik viste tidlig fram eindel klasseredningar som holdt oss inne i kampen. Etterkvart som spelet satte seg litt var det vår tur å prøve oss. Ein egoistisk manøver av underteikna gjorde at eg makta å bomme på ein opplagt målsjanse etter klabb og dabb inne i feltet. Like etter hadde Cutler ein gigantsjanse då han kom til ei fin heading inne i feltet. Beklageligvis hadde Fri ein svært god og langhåra hippiekeeper som klarte å fiste ballen over målet. Samme sjebne leid Knott av då han i litt skrå posisjon sparka ballen i magen til målvakta og ut til corner.


Fotball er ikkje alltid rettferdig, det veit alle som har holdt med følgande lag: Brann, Ipswich, Tottenham og Hasunds Hund. Og det var nettopp når vi pressa som mest at Fri kom seg gjennom på ei kontring og putta sitt første mål. 0-1 og forferdelig serieåpning. Etter dette var det ein veldig krampaktig gjeng som forsøkte å finne fram storspelet vi tidvis har vist fram i treningskampane. Men utan hell. Vi var smått heldige som klarte å ro oss til pause uten å ligge under med fleire mål. Eg innrømmer gledelig at eg var blandt dei mest uengasjerte der ute, men stort sett trur eg vi kan legge skulda på heile flisa. Sånn for sikkerheits skuld.

I pausa var det rom for drikking av vatn, preiking av taktikk (meir innsats, spel meir ut på kant, skjerpings ellers blir det 3-4-1-2 osv) og andre syslar kvar enkelte måtte finne på. Dette var med på å gi oss sårt trengt ro i kroppen og vi verka som eit heilt nytt lag i starten av den neste omgangen. Kun få minutter var gått då utligninga kom. Sjølve situasjonsforløpet huskar eg ei, det var muligens ein ball som blei spelt inn frå kant. Der stod uansett Knott som viste "stor" luftstyrke då han heada ballen ned til marve som klinka den på halv volley mellom beina på keeper og i mål. 1-1 og vår første scoring i seriesesongen 2007 var eit faktum.

Dessverre var det ikkje paradis som venta oss neste minutta. For då ein Fri-spelar kjempa seg gjennom inne i vår 16-meter kom han brått i klemm mellom to av våre staute forsvarskjemper. Kroppen delte seg omtrendt på midten og mannen gikk ned inne i feltet. Ei soleklar straffe, men så klart måtte vi protestere litt. Slik er The Nature Of The Game. Utan å dvele for masse med det påfølgande straffesparket, kan eg fastslå at ballen blei slått sikkert ned i venstre hjørnet for Eilev. 1-2 til heimelaget.

Apatien vår ljoma over heile stadion, vi opptrådde i nokre minutt som hengehuer som ikkje hadde interesse av å fortsette kampen. Slike ting straffar seg sjølvsagt, for snart var det tid for 1-3. Sjølv huskar eg ingenting av korleis det målet kom, men ein kan vel sannsyneligvis fastslå at det var drittstygt slik dei fleste måla i denne divisjonen er.

Ein ting skal vi likevel ha kreditt for. Vi gav aldri opp denne kampen og det tok ikkje lang tid før Knott pressa ein forsvarspelarar til å fomle ballen inn i eiget bur. 2-3 og litt spenning i kampen. Men dette er tross alt ingen spenningsroman, så la oss difor med ein gang fastslå at dette blei det endelege resultatet. Til tross for ein heil del vanvittige sjansar til oss mot slutten av kampen klarte vi ikkje å få den forløysande scoringa vi trengte.

Så blei det altså tap i den første kampen i 2007-sesongen. Ingen stor kamp av nokon av laga, men etter ein grundig kampanalyse har Nils Johan Semb fastslått at eit meir rettferdig resultat hadde vore uavgjort eller siger til oss. Sånn gikk det ikkje. Knott den bassen måtte dessverre ut og få ispose i andre omgang. Visstnok dansar han no rundt på krykker så det er vel litt uvisst korleis spisssamansettninga blir i neste kamp.

Den foregår forøvrig søndag på ærverdige Møhlenpris så då ha du nye sjansar til å oppleve favoritthunden din i aksjon.

For Hunden på Espeland Grus: Marve

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjør deg opp!