mandag, april 30, 2007

Floppen - Hasunds Hund 3-0

Fotball skal visstnok vere moro. Det er tross alt difor vi spenner på oss skoa og jaktar på lærkula opptil fleire dagar i veka. Men akkurat no sitt eg att med heilt andre kjensler. For kampen i går var langt frå moro. Den var fæl, avskyelig, slapp, ubrukeleg, latterleg, patetisk, græl, håplaus, idiotisk, kvalm og dustete, men den var ikkje særleg moro. Ingen av oss hadde vel eigentleg lyst til å sparke fotball, og det syntest.

At vi kan invitere folk til å sjå oss daffe rundt i total feriemodus medan motstanderlaget grusar oss og gjer oss om til fullstendige amatørar er ikkje anna enn underleg. For det vi presterte mot Floppen må vel vere noko av det dårligste dette laget har prestert sidan Ole var trafikkbetjent i Bergens-gatene, siden dengang Ørstapakk Sr revitaliserte begrepet trommesolo, siden dengang nachas i nyggaen 66 framleis ikkje var en saga blott og sidan dengang Etz spilte ein halv omgang mot Eidsvåg. Tomt for harselerande similer. 3-0 tapet var dessutan svært flatterande for vår del og vi må takka Eilev for at sifra ikkje blei skremmande høge. Floppen kjørte over oss med alt sitt fett og musklar, vi derimot freste i glansen av ei brennheit sol. På tribuna satt det bekjente som sikkert grema seg over å kjenne oss. Møhlenpris vil alltid ha ein sentral plass i hjartet, derfor er det synd at vi korrumperar denne vakre krøllmatta med ein slik fryktelig opptreden.

Send heller pakket ned?
Serien har så vidt starta men likefullt er det på sin plass å spørje: Er vi ikkje bedre tjent med å rykke ned ein divisjon? Å reise land og strand rundt for å tape fotballkampar er vel ingenting anna enn ein pinfull fritidssyssel? Sjølv om det såklart er for tidlig å drive med slik krisemaksimering må vi la spørsmålet henge der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjør deg opp!