mandag, mai 07, 2007

Flaktveit - Hasunds Hund 2-0

Det er mulig "kamprapporten" etter vår batalje med Floppen var ein smule overdreven. Hasunds Hund har sikkert spelt dårligare kampar enn det før.Å spekulere i nedrykk etter kun to serierunder var vel heller ikkje særlig smart. Man kan vel putte slike utsagn på kontoen "svak vurderingsevnegrunna fæl bakrus, tomt kjøleskap og visakort", men faktum er at kampen ikkje var særlig god.

Men uansett, ferdig med det. Det er på tide å sjå framover. Legge stein på stein som det også heiter. Denne helga stod serieledar Flaktveit for tur, navnet uttalast visstnok som det skulle vert med dobbel K. Merkelig det. 6-0 hadde dei i målforskjell etter to kampar så vi forventa eitgjerrig lag som kanskje heller ikkje tok dei mest hasardiøse sjansane framover på bana. Kamphypotesa viste seg å stemme sånn nokolunde. Den største overraskinga var kanskje at Kurt Nilsen hadde lagt sitt glamorøse popstjerne-liv på hylla og gått over til å dømme fotball. Når Kurten blåste kampen i gang var det full tenning i alle lagdelar. Vi valgte medvind i første omgang. På denne måten ville vi ta Flaktveit på senga med vårt hurtige offensive spel. Sånn var i det minste teorien.

Det var tydeleg at laget på søndag bestod av ein gjeng desperat etter å reise kjerringa etter sist kamp. Ein kan vel neppe kalle det storspel, men innsatsen og viljen vi la for dagen var det lite å seie på. Gruskampar innbydd då heller ikkje til sydlansk teknikk. Det blei som forventa ein slitekamp der storparten av spelet i første omgang foregjekk på midten der gigantar frå begge lag braka saman i mandige styrketestar (deilige taklingar Banderas!). Ballen blei huta fram og tilbake mellom laga som på ein halvslapp tenniskamp, slik ståa vanlegvis er på dette nivået.

For 6 divisjonsfotball er stygt, det er uestetisk og usmakeleg usexy, men det er det vi kan. Godt då at vi på tribuna hadde ein fin kontingent på rundt ti stykker som holdt ut med oss. I motsetning til ein annan klovnegjeng kledt i rødt fikk vi ikkje særleg piping mot oss heller.

No var kanskje ikkje Flaktveit det mest fysiske laget vi har spelt mot, men dei hadde då enkelte med pondus og rimelig god ballteknikk. Verken vi eller Flaktveit kom til dei heilt store sjansane i regnværet. Anten vart ballen slått for langt (dels grunna vind og slurv), eller så blei den slått for kort (utelukkande grunna slurv). Manglande kantspel, desperasjonspasningar frå bakre ledd og dumme forsøk på fikse detaljar til tross, vi hadde heva oss betraktelig reint aggressjonsmessig sidan sist kamp og meir kan ein vel ikkje forvente av eit lag utan faste treningar.

Dei første femogførr var altså både sjansefattige og våte, men med eit visst overtak til motstandarlaget. Den aller største sjansen i omgangen kom på ei hard heading frå ein Flaktveit-spelar der ballen på merkverdig vis traff Eilev i låret og spratt ut til corner. Vi på vår side hadde eit par halvsjansar, men forsøka endte som regel eit stykke utanfor målet anten det var Marve, Knott eller Cutler som forsøkte seg.

Andre omgang starta fælt for vår del. Kun få minutter hadde gått då vår innbilte offsidefelle slo sprekker og gul spelar kunne plassere ballen bak vår kapitulerte målvakt. 2-0 kom like etter. Flaktveit kjørte overlaps på vår venstreside og ein av spissane kom seg fri inne boksa og kunne sette ballen trygt i nettingen. Regnet hølja ikkje lenger, men mørke skyer var i ferd med å forme seg over dei fleste av oss. For er det ein ting vi manglar er det sjølvtillit i motgang. Ein kan sikkert telje på ei hand dei gongane Hunden har komt tilbake og vunnet kampar etter å først ha ligget under. No skulle vi altså bli slakt igjen??

(På dette tidspunktet forlot eg kampen, fullstendig slakta blei vi etter sigande ikkje. Kampen endte 0-2 og dei fleste var fornøgd med nivåhevinga.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjør deg opp!