mandag, mai 21, 2007

Hasunds Hund - Bjørn West 2-2

Uavgjorten mot Fedje sikra oss vårt første poeng for sesongen, men det var vel neppe mange av oss som kjente gledesrusen boblande som ein vulkan innvendig av den grunn. Sjølv om Hasunds Hund kanskje ikkje har så uttalt store ambisjonar (ein stad midt på tabellen hadde gjeve god grunn til feiring), kjennast det alltid bittert å skusle bort poeng mot antatt svakare lag. Og Fedje var, i alle fall slik eg vurderte det, kvalitetsmessig langt semre enn oss.

Men denne helga var premissane snudd på hovudet. Motstandar denne gangen var nemleg det ubesigra topplaget Bjørn West. For historie-kjennarar kling Bjørn West-navnet kanskje best for sine tapre og heroiske krigerar frå Matre-fjellan under krigen. Ryktene spinnte i god "helteepos-ånd" vidare på dette og fortalte om eit fysisk, oppofrande, hardspelande og potensielt usympatisk lag med forrykande andreomgongar. Det var altså ein fotballkrig mellom logrande husdyr og uforutsigbare villdyr som venta dei rundt 13 tilskodarane på Nymark.

Status for kampdagen var 14 ivrige hundar, dei fleste uvanleg tørrlagte kvelden i forveien. Bjørn West stillte med omtrent like mange og som forventa var dei ikkje akkurat for småguttar å rekne. Grundig research og spionering internett-style hadde gitt oss hint om ein målfarlig spiss på BW som måtte passast grundig på. Vedkommande kom då også i fokus seinare i kampen.

Med både Eilev og Eirik fråværande var det derimot klart at vi måtte ta i bruk ei artig reserveløysing. Vi plasserte soleis Steinar i mål. Sjefsbassen har forsåvidt gjort det bra i buret tidlegare, han har til og med ei pen
strafferedning for hunden på reportoaret, men å kalle han eit "sikkert
målvaktskort" er vel å ta noko hardt i. Vindkast er ofte eit dilemma på det uskjerma Nymark-området. I og med at det blas kraftig valgte vi motvind i første omgang. Dette meinte vi ville gi oss den ekstra dytten i andre omgang når kreftene kanskje var i ferd med å ta slutt.

Kampen starta rimeleg usikkert for vår del med mange feilpasningar og lange polingar utover sidelinja. BW på si side avslørte tidleg at taktikken deira var lange ballar slått inn i vårt bakrom med hurtige spissar på villige løp. Heldigast var vi etter ti minutter då ein motstandar etter fint spel inne i feltet banka ballen i øvre treverk med ein forfjamsa Steinar som publikum.

Etter 2o minutt måtte vi likevel sjå Bjørn West gå opp i leiinga. Ein dødball
(vår definitive mare denne sesongen) blir slått inn i feltet og etter ei
sedvanleg runde ping-pong rundt 5-meteren kan den på forhånd frykta BW-spissen kline ballen på volley inn i nettmaskene. 0-1 til bortelaget. Like etter er samme typen der igjen nikkande på ein hard lagt corner, men nok ein gang er det tverliggar som blir redninga vår. Vi har griseflaks i dene perioda, men klarer etterkvart å ri den verste stormen av.

Ein kronglete start altså, men litt etter litt jobba vi oss inn i kampen igjen og styrer faktisk andre halvdel av omgangen. Særleg backrekka må berømmast for sitt konsentrerte og stødige spel, midtbana supplerte med løpskapasitet og eit utall suggande taklingar og i fremre rekke var det tilløp til fikse kombinasjonar og fantasifullt angrepsspel, dog utan å skape dei heilt klare målsjansane. Innsatsen og evna til å jobbe for kvarandre var det heller ingenting å klage på, at presisjonen i klareringar og avleveringar var ein smule variabelt må nok dei heftige vindkulene ta ein bitteliten del av skulda for.

Belønninga for vårt oppoffrande spel kjem like før pause. Eit innlegg frå
venstresida blir kørla inn i feltet der ein overoptimistisk keeper roper "Har`n", noko som medfører at ein slapp forsvarspelar let ballen trille over seg. Arild utnyttar sjansen til å snappe opp ballen, vendar rundt og frå død vinkel skyv han ballen i krysset bak Espen Johnsen in disguise. 1-1 og ei herlig gulrot å knaske på ved halvtid.

Andre omgang er ikkje mange minutt gammal før det rablar fullstendig for ein midtbanespelar på Bjørn West. Sjølve forløpet til situasjonen står uklart for meg, men den aggressive bjørnen tar i alle fall sats og i vilt sinne sparkar han ned Erlend bakfrå og presterar samtidig å hudflette mannen med fløyta etterpå. Når Ijeh blir utvist for usle Fuck Off-meldingar er det ikkje tvil om at dette kvalifiserar til direkte rødt kort, noko dommaren heldigvis var einig i.

Å spele mot 10 mann er ikkje nødvendigvis så mykje enklare enn å spele mot 11. Det finnast utallige dømer på akkurat dette. Symptomatisk nok tok det heller ikkje lang tida før Bjørn West på ny tok føringa i kampen. Igjen herjar målscoraren frå første omgang ved forsvaret vårt og etter ein liten dribleserie plasserar han ballen rolig ned i hjørnet. 1-2 og vi må på ny jakte etter Bjørn.

Kampen bølgjar så fram og tilbake utan det store overtaket til nokon av laga. Innsatsen frå vår side er likevel framifrå og heile laget fortjenar kudos for å aldri gi opp ein einaste ball i regnværet. Etter ei periode med forslitte ballvekslingar, småslappe skudd, roping på dommar og regelrett monotoni får vi då endeleg hull på byllen igjen.

Etter eit mislukka gjennombrot og ei klarering frå BW, sprett ballen hardt inn i beina på Olve og på tøysete manèr vidare inn i eit tomt bur. Kanskje ikkje det penaste målet vi har scora gjennom historia, men bra at det nettopp var Olve som fikk det no like før han på ny skal gå det tøffe sjølivet i møte. 2-2 og temperaturen stig voldsomt på bana.

For etter utlikninga vår hardna kampen til ytterlegare. Bjørn West-folket gjekk meir og meir sure og lot sjølvsagt sinnet gå utover både dommar og oss. Eit særleg usympatisk trekk frå BW var då dei satte innpå ein stor gosse av ein tanks på venstrebacken, med kun eit tydeleg mål for å auget: Å spre rå jævelskap, redsle, blod og knehøge taklingar utover Nymark grusbane. Makan til skitspel har eg ikkje opplevd sidan dei ville bataljane mot Inter Bergen i opprykssesongen. Vi lot oss ikkje affisere av det voldsomt, sjølv om det sjølvsagt er frustrerande å frykte for kneskålene kvar gong ein mottek ballen.

Resten av kampen endte opp som ein midtbanekrig der begge lag blei ståande som jamngode. Vi kunne tapt det heilt mot slutten, men ei fabelaktig feberredning av Steinar gjorde likevel at kampen blei ståande med resultatet 2-2. Bjørn West er sannsynelegvis eit lag som vil kjempe i toppen av tabellen og i motsetning til sist helg då vi småskuffa sette oss på ferja vekk frå Fedje-øya var vi denne gongen strålande fornøgd med å ha sikra oss eit poeng.

Marve

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjør deg opp!