Man Bites Dog 9-0
Det svir å innrømme det, men Hasunds Hund har no blitt det offisielle botnlaget i 6 div avd 3 Hordaland. Vi er det trege umorsomme klovnelaget alle andre elskar å møte fordi det bortimot garanterar dei tre lekre poeng. "Du skal vite vi er gode på bunn" lyd ei velkjent strofe i den gamle slageren frå Maestro Boston Mississippi, men sanninga er at vi er fryktelege på bunn.
Ein tilskodar, som av høfeligheitshensyn skal få beholde anonymiteten, sa det kanskje aller best: "Hunden er fortapt, loosers altså, de vinn jo aldri, Hasunds Hund høyrer heime i 7 divisjon" Og der vel ligg kanskje eindel visdom i slike spydigheiter.
Kampen mot SK Mann vil gå inn i historiebøkene som det største tapet for Hunden nokonsinne. Det var som om eit toppa Barcelona skulle møtt eit forfylla LøvHam-lag til dødsviktig kamp på Camp Nou. Klasseforskjellen mellom laga var vel omtrendt så tydeleg. Etter å ha blitt maltraktert, karnøfla, uthengt og latterlegjort over 90 minutt viste tavla heile 9-0 når dommaren blas i fløyta for siste gong. Paradoksalt nok var keeper Nyland igjen vårt sterkaste kort. Utan han kunne sifra nok blitt veldig stygge(!).
Vi kan sikkert trøste med at vi framleis ikkje har blitt banka to-s[..]n den trøsta er vel mindre mager eit luftig rundstykke dandert med brieost, paprika, tomat og vossafår. Vi kan også slenge ut feite floskar som "vinn og tap med samme sinn", men problemet blir å følge dette opp i praksis. For det var ein svært desillusjonert, stakkarsleg og nedbrutt gjeng som laffa rundt på bana medan mål etter mål hagla inn i vår ende.
Skal vi då konkludere med at vi ikkje fortjenar opphald i denne divisjonen fleire sesongar? Det er fristande å svare ja på den, men faktum er at det er lenge igjen av sesongen og ting kan heldigvis snu seg ganske kjapt. Så la oss heller følge eit meir konstruktivt spor og foreslå endel fundamentale endringar for klubben vår. Alle står sjølvsagt fritt til å debattere holdbarheita av følgande forslag:
1) Nachspielforbud dagen før kamp:
- Når 9 spelarar møter til kamp stinkande av gårsdagens fyll er det eit dårleg utgangspunkt. For uansett om fyring er fryktelig moro påverkar det dine fysiske prestasjonar dagen derpå. Det er eit faktum. Dette er med andre ord ei oppfordring om å vise alkoholmoderasjon dagen før kamp, ikkje eit forbud mot alkohol generelt. NACHSPIEL bør likevel unngåast til einkvar pris.
2) Faste roller og oppgåver på laget
- Kvar enkelt spelar på Hasunds Hund må kjenne sin plass ut og inn. Dette betyr at alle skal få sine arbeidsoppgåver presentert av lagleirar/kaptein både på trening og kamp. Spelar du back på trening spelar du også back på kamp (så langt det let seg gjere)
3) Varslingsplikt før trening og kamp
- Om du kan eller ikkje kan stille på trening/kamp må du gje beskjed om dette. Så slepp vi å legge fram laget i siste liten og plassere folk rundt på bana etter tilfeldigheitsprinsippet. Dette vil også gjere det enklare å følge opp punkt nummer to.
4) Gode treningsprestasjonar gjev plass på laget
- Ingen skal ha klippekort på laget (med mindre du er Eilev). Gode prestasjonar på treningsfeltet kan lønnast i form av plass på laget kampdagen. Dette kan medføre meir sprut, innsats og konkurranse på trening, noko som over sikt vil komme laget til gode.
5) Meir firkantspeling på trening og under oppvarming
- Presisjon er eit nøkkelord framover. Det verkar som alle andre lag i avdelinga har lært nokre basale triks om avlevering av kula som vi enda ikkje har forstått. Meir firkantspeling vil forhåpentligvis få opp presisjonsnivået vårt etterkvart og lære oss å behalde roa i trengte situasjonar.
Vi er i skrivande stund det dårlegaste laget i 6 divisjon, det kan ikkje bortforklarast. Foregåande fem forslag kan kanskje være med på å forandre denne statusen.
Kjøyr debatt
mandag, juni 04, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kjør deg opp!