Møllaren 25.05.08:
Sk Mann-Hasunds 2-1. 0-0 til pause.
jogeir-Tommy,Hallvard,Ole,Steinar-Johan,ErlendE,Øyvind,OddArne-Ove,Thomas.
innb:Olav,Vegard,ErlendL,Pål. Tilskodarar rundt 40.
0-1: Erlend L 49 min, assist hallvard. 1-1 mann 57 min, 2-1 72 min.
Bra laginnsats og me kunne ha rana med oss poeng mot brukbare Sk Mann i sluttminutta. Flatterande med 0-0 til pause. Kan ein tippa 11-6 i målsjansar? Domar med liten kjennskap til offside som vanleg. Konklusjonen til no er at Baune vinn avdelinga tett fulgd av Mann.
Skreven av ein representant for SK Mann
Av Yngve Endal
Førre sesong tapte Hasunds Hund 9-0 i tilsvarande oppgjer. Etter den kampen innførte laget absolutt nachspiel-forbod (før fotballkampar), og etter dette har formpila peika bratt oppover. Dette fekk også Mann merke, då dei i år måtte slite hardt for å innkassere dei 3 poenga.
Kampfakta: SK Mann - Hasunds Hund 2-1 (0-0)
0-1: Erlend Lundblad (49 min.), 1-1 (57 min.), 2-1 (72 min.).
Det var mykje dårleg spel denne søndagen, og heile reservebenken og støtteapparatet til Mann var til ei kvar tid oppteken med å leite etter den nye, dyre, flotte matchballen (-ane) etterkvart som dei blei skotne på Puddefjorden, i Nygårdsparken, på tribunetaket eller bort i skipsverftet som Uppstrøm og Seim hadde så lyst på.
Av andre, nøytrale tilskodarar, er vi blitt fortalt at SK Mann opna veldig bra, og at Sølve hadde opptil fleire gode initiativ på venstrekanten. Imidlertid hadde Steinar'en ein over gjennomsnittet god dag på høgrebacken til bikkjene, og den eine sjansen etter den andre blei avverga. Etterkvart utvikla begge lag ein særs lite sjarmerande gå-fotball, og alle var glade (ikkje minst dei omtala ball-gutane) då dommaren blåste pausesignalet.
Tidleg i 2. omgang får bortelaget eit frispark ute på venstrekanten sin. Innlegget går på bakerste stolpe, blir nikka tilbake til ein Hasund-spiss som står frykteleg åleine midt framfor mål. Han får heade veldig uforstyrra bak ein sjanselaus Eivind i Mann-målet. Den rekordstore Mann-benken begynner å røre på seg, og etter nokre omdisponeringar på laget, betrar spelet seg noko. Utlikninga kjem etter eit presist frispark frå Lars på venstrevingen. På bakerste stolpe ruvar Marius over alt og alle, og får stanga ballen i mål i eit overfolka målfelt.
Spelet betra seg noko no, og eit kvarter seinare blir Erlend spelt flott igjennom. Ein god bortekeeper rykkjer ut på 16-meteren og reddar med ein flott beinparade. Marius kjem i neste angrepsbølge (Eggen d.e) og knallar til frå 25 meter. 2-1.
Mann hadde uendeleg mange sjansar til å lage målfest. Dette var imidlertid ikkje dagen. Bikkjene var heller ikkje ufarlege, og mot slutten kunne det fort blitt 2-2. Det blei det heldigvis ikkje.
Dagens gladmelding: Begge matchballane blei funne, etter kampslutt.
Dagens triste melding: Dommaren kom heilt frå Austevoll, og fekk rekordutbetaling (1300,-)
søndag, mai 25, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
jeg lå frispark. tror noen vant eller tapte hodeduell
SvarSlettTrur Hallvard vann duellen og la inn framfor mål, vanskeleg å sjå i klynga
SvarSlettJohan det eneste gule kortet?
SvarSlett