lørdag, mai 31, 2008

Hasunds Hund - Lyngbø2 2 - 6 (2-3)

Stad lyngbø idrettspark. 1-0 oddarne (assist cutler) 2-3 Johan. Assist Odd-Arne. HH:Jogeir-olav,steinar,ole,olve-arild,øyvind,hallvard,oddarne-thomas,johan
subs:Bjørn, eilev, eirik,heine.
Kampen starta ganske jamnt med store sjansar i begge endar. Me får det viktige 1-0målet då oddarne smeller inn 1-0 via stolpen frå trengd posisjon. Deretter vart pasningskvaliteten, markeringane og samhandlinga dårleg slik at lyngbø putta 3 mål på 20 minutt. Jogeir fekk ein fing ut av ledd etter 25 minutt og måtte erstattast av eilev. Eilev heldt ut til 47 minutt med strekk og vart erstatta av Steinar.
2-3 målet kom då johan sprang gjennom frå midtbaneposisjon og sette ballen i hjørnet via keeper. Brukbart spel siste 10 minutt av fyrste omgang. I pausen har me god von om å ta med oss alle 3 poenga men når me brenner sjansar så går dei rett opp og puttar 4-2 etter 55 minutt. Deretter vert det mykje upresist. Lyngbø var ikkje det beste laget me har møtt i år for å sei det slik. Ein del skadar og fråfall førte til mange rokeringar i hasundlaget.

1 kommentar:

Kjør deg opp!